Gå til hovedinnhold

Luseovervakinga er i gang


Runar teller lakselus

Kvart år blir mengda lakselus på vill laksefisk overvaka. På den måten ser forskarane om lusemengda på fisken er så stor at den har negativ effekt på overlevinga.

I starten av overvakinga er det laksesmolten som skal symje frå elvene til beiteområda i havet som er i fokus:

- Målet er at overvakinga skal vere i gang når laksesmolten sym ut frå elvene slik at vi kan undersøke om dei får mykje lakselus på seg før dei kjem ut i havet, seier Rune Nilsen som er ansvarleg for overvakinga av lakselus på vill laksefisk ved Havforskingsinstituttet.

Men også andre artar er i fokus:

- Vi brukar overvakinga til å kartlegge om lakselus har negativ effekt på overlevelsen til både villaks, sjøørret og sjørøye, seier Nilsen.

Dekker heile kysten

Overvakinga dekker heile kysten frå Sørlandet til Finnmark, men startar seinare i nord.

- Smoltutvandringen starter tidlegere i sør enn i nord. Derfor har vi tilpassa oppstarten i dei ulike landsdelane til det. Overvakinga pågår fram til starten av august, seier Nilsen.

Foreløpige resultat frå overvakinga blir presentert i juni, og endeleg rapport kjem i løpet av hausten.

Viktig kunnskap til trafikklys-systemet

Resultata frå overvakinga av lakselus er ein viktig del av kunnskapen som blir brukt i trafikklys-systemet som er styresmaktene sitt verktøy for å regulere produksjonen av oppdrettslaks.

- Resultata frå årets overvaking vil inngå i materialet som blir nytta neste gong vi skal gje råd i samband med dette systemet, avsluttar Rune Nilsen.

Bestilling frå Nærings- og fiskeridepartementet

Overvakinga blir gjort på oppdrag frå Nærings- og fiskeridepartementet via Mattilsynet.

- Noreg har eit særskilt ansvar for å ta vare på våre ville laksebestandar. Feltarbeidet som blir gjort i samband med luseovervakinga gir viktig kunnskap om påverknaden frå lakselus på villfisk. Eg ønsker alle som arbeidar med overvakinga lukke til med arbeidet, seier fiskeri- og sjømatminister Odd Emil Ingebrigtsen.